top of page

Kva er angst?

Angst er ei naturlig reaksjon på stress eller fare, men når denne følelsen blir intens, langvarig eller oppstår uten ein tydeleg grunn, kan det vere snakk om ei angstliding. Symptoma kan variere frå uro og at ein blir rastlaus, til fysisk ubehag som hjartebank, svette eller pusteproblem.


Angst kan påverke dagleglivet og redusere livskvaliteten dersom den ikkje blir handtert på ein effektiv måte.

Kva er fobi?

Ein fobi er ein sterk, irrasjonell frykt for spesifikke situasjonar, objekt eller aktivitetar. Det kan til dømes vere frykt for edderkoppar (arachnofobi), flyging, eller opne område (agorafobi). Fobiar kan føre til at ein unngår visse situasjonar, noko som kan hemme fridomen og livskvaliteten.

Eksempel på angst og fobiar

Eksamensnerver, frykt, helseangst, snakke offentlig, intervjunerver, klaustrofobi, panikkanfall, prestasjonsangst, tannlegefobi, tvangstanker.

Korleis kan hypnoterapi hjelpe?

Hypnoterapi er ein effektiv metode for å redusere angst og fobiar ved å jobbe direkte med underbevisstheita. Under hypnose blir sinnet meir mottakeleg for positive forslag, noko som kan bidra til å endre tankemønster og reaksjonar.


Fordelar med hypnoterapi  mot angst og fobiar:

  • Djup avslapping: Hypnose hjelper deg med å roe kroppen og sinnet, noko som reduserer uro og stress.

  • Endring av reaksjonar: Gjennom hypnose kan du lære å assosiere tidlegare utløysarar av angst eller frykt med positive kjensler.

  • Utforsking av årsakar: Hypnose kan hjelpe med å avdekke underliggande årsakar til angst eller fobiar og bearbeide desse.

  • Styrking av sjølvkontroll: Du kan få teknikkar for å handtere symptom i kvardagen og oppleve meir kontroll over eigne kjensler.



Hypnoterapi er ei trygg og skånsam behandling som kan tilpassast dine unike behov. Saman kan vi finne vegen mot ein kvardag fri for uønskt angst og frykt!

Få den hjelpa du treng

Mange kan oppleve å streve med ekstra vanskelige tankar og kjensler i kvardagen. Då kan det være ein god idé å oppsøke hjelp.

Har du ein angst eller fobi?

Angst og fobiar kan sette store begrensingar på kvardagen og hindre deg å leve det livet du ønsker. Gjennom hypnoterapi kan du finne ro, endre negative tankemønster og redusere eller fjerne heilt reaksjonane på det som utløyser frykt.

bottom of page